Kjære fine mammaen vår ❤
Du reiste fra oss så alt for tidlig, du blei kun 51 år. Store deler av livet kjempa du ein kamp inni deg. Men du fant ro og fred heima med oss som du hadde mest kjær.
Arbeidslivet blei tidlig for tøft for deg, men heimen vår og huset var alltid plettfritt.
Dei beste rettar serverte du kvar dag, og døro vår var alltid åpen for dei som ville komme på besøk. Enten for ein kopp kaffi, eller kun ein drøs.
Etter å ha gått igjennom eit heilt liv i bilder, skjønner me endo meir kor mykje heimen vår har betydd for så mange. Det er godt å tenka på, når savnet etter deg blir for stort.
Me skulle berre ønska du hadde fått helsa på dei 4 flotte barnebarno dine, Thomas, Marit, Theodor og Janne. Å bli mormor var nåke du gleda deg til tidlig. Men av og til er det dei beste som blir henta først ❤
Kvil i fred kjære mammaen vår.